Bø! Vart du skremt no?

«« Tilbake til artikkelsiden

Det har du ingen grunn til. Me i Bø har stort sett vore eit fredfullt folk heilt sidan ein av dei fyrste bøheringane rundt år 12 hundre hogg runer i gamlekyrkja med det typiske bøske uttrykket:

”Svevn bannar mer.
Sottir pina.”

Det skulle i dagens språkdrakt bli noko slikt som: ”Eg får ikkje sova og er sjuk”. Men i dag er det au andre ting som opptek bygdefolket. Bø-gata er Midt-Telemarks rånarparadis. Det vil seie ein livskraftig motorisera kultur som gjeng ut å kjøre eller råne opp og ned gata med bassen på full styrke og terningar i frontglaset. Det er Mercedes og BMW som er statusen i dag. Men ein skurtreskar gjer seg au. Me har derfor skrive om Bø-sangen slik at den moderne versjonen byrjar slik:

”Under Lifjells breie barmar,
kjører bilar att og fram.
Ringa inn av Jotunarmar,
Pizzafjos og Sommarland.”

Utanom ”Sommarland” er Bø og i ”Felemark” og rik på nasjonal folketradisjon. Her blei dei kjende Helland-felene laga, me har gode spelemenn i spelmannslaget "Gærningen". Det er forresten mange jenter med, og hjå Almankås på Stasjonsvegen har dei selt bunader til heile landet i over femti år.

Folkeminngranskaren Molkte Moe var ofte i Bø og samla eventyr, segner og anna folkevas. Eitt av steva han skreiv ned fortel at me var eit fredsamt folk:

”Nei, nå vil me tulle, nå vil me tralle
Og ingen uvenskap vil me halde.
Men drekke brennevin og vera glad,
og i morgo sove kånn rusen av.”

På Bø Museum, sjarmerans beliggans i Tatergata, kan du sjå meir om bygda i gamle bondedagar. Der kan du få kjøpt tradisjonsmat så godt at gatekjøkkenmat blir omtrent som å eta papp med lim på.

Dersom klor- og grillukta frå Sommarland blir for ille, kan du ta ein luftetur på Lifjell. Vegen sluttar ved ”Lifjellstua”. Er du litt spreking, er det 9 kilometer i flott høgfjellsterreng til Hollane seter. Der ifrå kan du ta turen til ein av dei høgaste toppane som er ”Jøronnatten” som strekker seg 1 275 opp mot himmelen. Under fjellet ligg Langefonn, og i Bø slepper bøndene sauene på fjellbeite når fonna deler seg i to ut på sommaren. Ta med fiskestonga, og blir det tåke så sjå etter huldra. Det er bare 80 år sidan ho blei sist sett. Du kjenner henne på rova som stikk fram under stakken, og ho er ei av dei få som ikkje er kommuneansatt. Mot nabokommunen Seljord ligg plassen der vannstoffballongen ”Ville de Orléans” hamna etter å ha kome ut av kurs etter oppstigning frå Paris i 1870. Det er svært sannsynleg at franskmennane uttrykte eit ”Merde” da dei fann ut at dei var i Seljord. Men i dag har sivilisasjonen au breia seg til nabokommunen. Dei skal få eige mini-vinmonopol, såkalla bunadspol, som vil vera mest til stas. Etter over tusen år med klein heimebrent er nok vanen vond å vende.

Som turist eller nabokommuning har du lite å frykte ved å besøke Bø utanom å bli fort blakk. Men eit par saker bør du vakte deg for. Ikkje spør og grav for mykje. Sjansen for at du får eit svar som varar i cirka 45 minuttar er overveldande. Du har da møtt ein av dei mange lærarane, adjunktar med opprykk, lektorar, amanuensisar av fyrste eller annan grad eller professorar som utgjer den intellektuellle overklassa i skulebygda. I tillegg må folk med innsette tennar vera varsame på enkelte bygdevegar da dei er fulle av hol. Vegane altså. Sjå foto.

Einskilde bygdevegar kan utgjere ei fare for framande folk
med eller utan laustenner. Her frå Rallejamtet i mai 2006.
Fotomontasje: TAG

«« Tilbake til artikkelsiden