Eg må bare dra
te med såmmårns store begivenhet på Haugen – grill sørpreis-parti. Det blei ”konge” færr å bruke ikkje-tørr-bak-ørunn-sjargongen. Sjøl om det ikkje va’ særleg med familiegnukking, så blei det hella folksamt. Halvparten gode vener, resten uvener. Me va’ eitt gjønnomsnitt av bøheringar. Fråskilte på 22 år, sambuarar på 80, trygdemisbrukarar i elle eldrar og eit par pyromanar. Det va’ egne ongar, andres ongar og nokken ein ikkje heilt visste håkken hørte te. Nokken frå Polen og Breisås servera. Det va’ au nokka truans av ulike slag frå Midt-Østen på testellinga, men dom gjekk da spegris i akkevittmarinade blei slengt på grillen.
Det viktigaste med grillparti er sjølsagt maten. Hugs å gje på med ventepølsur færr det med grilling blir lett litt uforutsigbart. Foruten den nemnde spegrisen va’ det lammehåsåbøtær surra i gjæra surkål servera på ei spinatseng med ertefølje, heile ikønn med ugrassalat og småtrost ny-fanga i nett og stekt med fjærinn på. Vegetarianarar hadde ikkje opphaldsløyve på Haugen denna nåtta.
Te drekke hadde me kremen frå vinspalten i bladet ”Vinen min”. Velkomstdrinken eller Pell-deg vekk-drinken va’ ein Sjabliis Superiør te’ kronur 296 pluss MVA. Den hadde ein teistfull smak a’ gammalt skulekritt og balkansk bomba murstein med eit slør av hybelkaninur. Eg sier ikkje meir. Dyrt å fint ska’re vera. Te kjøttet va’ det ein djup, tong å rustrau rauvin, Charrosseri des Outou, ein fyldig Påpånjneser med ein bismak av eik og grån og ein ettersmak av billig panel. Kronur 386,99 pluss MVA. Te dessær servera eg grilla Toy-tyggegummi med papiret på. Da fekk dom Portvin som smaka som portvin. Kr. 349,99 pluss MVA. Det blei så vellykka at da taffelet blei heva, hadde ein frå gata fått ein gaffel gjønnom hånda. Bastustampen blei både bruka å misbruka utpå nåtta.
Praten gjekk livleg om siste års likning, lokale konkursær å skilsmissur og dei atten håla på Norsjø golfpark. Det einaste som førte te lettare håndgemeng va’ kommentarar som: ”Jøss, så liten TV-skjerm”.
Fysst kom naboar, så Bråthen, så Gvarv Raude Kross og da redningshelikopteret frå Stavanger landa va’re stort sett slutt.
Skobbaibøgrillseksjonen
Det blei lett ugreie med møblemange da redningshelikopteret tok av.
Heldigvis bruka me Kongleg dansk eingongsporselenssørvis og eingongssølvbestikk.
(Installasjonen på bilde e gjett te Moderna Museet i Ståkkhålm med tittelen ”Kånnsstolen”)
Fotomontasje: TAG