Jul i gata

- Tradisjonar, julemoro og lett te

«« Tilbake til artikkelsiden

DET VA EIN GONG…

Da far min, slaktar Skøbba, skulle markere at nå va' det jul igjen, gjekk han i veaskjole og tok seg ein dram, ladde hagla og sette eit skot over hønsehuset til Alvestad så nabohønunn verpa ti timar for tidleg. Eldgøysen frå børsemunningen var det næraste ein kom festfyrverkeri på krysset i femtiåra. Da var klokka seks på eftaen. Eigentleg starta jula klokka tolv. Da var det romegraut etter bondeskikk frå Sauherad, der opphavet kom frå. Førebuinga starta sjølsagt i byrjinga av desember med sju slag, sylte og rull - og heimelaga marsipan. Herlege himlar så godt det var. Halve desember gjekk med te å leite etter godsakenn. Men Tone Skobba hadde lure gøymestader etter titals år i eit stort gammalt hus. Ein gong blei søtsakenn gøymt så godt at ingen fant dei igjen da jula kom. Dei ligg der ennå og ventar på arkeologar.

Tebars til eftaen. Slaktebutikken hadde oppe te klokka eitt. Forkava husmødre som hadde gløymt nokko, og halvfulle bønder med hestetaumenn i hånda som skulle spandere "terte" og ønskje God Jul var fast innslag. Hesten stod og prusta i eiga svettetåke utafor butikkdynna. Den lengta heim te stel og havre. Åssen Tone Skobba orka grautlaging, handling i butikken, vasking, ribba med tilbehør i ømmen te kvelds og tri guttongar som krangla og sloss i nervøs venting er ei gåte. Dersom det blei for ille, kom ein taburett farans gjønnom lufta, og da skjønna me at ei grense var nådd. Det blei kell krig ei beite. Etter klokka eitt skulle butikken og pølsemakeriet vaskast, og etter at det var gjort forsvant diverse familiemedlemmer inn på soverom og bad for vask og legging av fire sentimeter Brylkrem, før finstasen kom på. Sterk lukt av ribbe, surkål og Brylkrem gjorde at nå skjønna elle at det ikkje bare var helg, men jul i heimen.

I kjørkja var me aller. Eg hadde ei kristen beite ein gong og prøva eg å lese Juleevangeliet fyri maten, men det blei sett på som unødvendig heft av formålet med kvelden - pakkeåpninga, og ikkje gjentatt. På krysset var me bare religiøse når Bergit Larsen frå Akkerhaugen kom på besøk. Ho tilhørte Den frie Evangelisk-lutherske Forsamling med eigen prest og kjørkje i Sauherad. Da blei kortstokken konfiskert - den og forsvant heilt ein gong. Te kvelds satt me da med knepte fingrar til "Gud han metter liten ful", mens me langa ut hedenske spark under bordet til kvasse augnekast frå opphavet. Te jul hadde me og elle i gata spikkeband og "tælg"klompar te småfuggeln. Gata stola lissom ikkje heilt på Gud.

JULEMAT OG GAVUR

Etter at ribba, surkålen og riskremen var fortært, slepa familien seg bort til salongen, i sekstiåra saman med Erik Bye, og sette i gang med sju slag, netar, appelsinur, eple og marsipan. Ein eller annan måtte vaske opp, men det må bli rein gjetting håkken det var. Truleg Tone Skobba. Me var fire mot ei. Etter at dokøen var avvikla, kom nissen, eller som oftast trampa han ute i gangen når Halvor Skobba var ute etter ved. Det slo aller feil. Der ute stod det eit stort putevar fylt med det elle venta på - gavunn. Fyrst måtte dei sorterast. Dei blaute lengst vekk. Var dei i tillegg små og firekanta, visste me at dei var frå ei ugift tante og inneheldt to store lommetørkle. Det var tradisjon, så nedturen etter åpninga var liten. Harde pakker blei prioritert - rista på, lytta te og varleg pakka opp. Prisoverslag fór gjennom lufta etter som verdienn kom fram i ljoset. Halvor Skobba lei av mangel på kjøpelyst eller sjåppesjuken. Det førte te at han alltid gav ein av oss pengar for å kjøpe gavur te mamma. Torleif, den sleipingen, kjøpte ein gong ein gild cowboy på hest i tinn te ho, som han hardnakka heilt til denne dag har hevda var bordpynt. Barndommens jul i femtiåra var ein overgang mellom bondejul og kommersjul. Ein såg det på treet au. Det blei meir og meir jålut og mindre og mindre julut. Gavunn blei plæstik. Den fysste dressen var bronspettut med fiskebeinsmønster og hadde nikkers som tebehør, men så kom nailonskjurtun med sine stive kragar som gnog og som blei grå etter nokre vaskar. Bøkær var bistandig populære gavur fær tidtrøyte. I tillegg erfarte me raskt at las du i ei bok, var det ein god unnskyldning for ikkje å gå med pakkur, vaske og anna pliktarbeid. Lesing var sunt i heimen. Far til "Vangsgutane", Hans Vangen, sin dødskamp under ein tømmerstokk i heftet "Flagg over Vangen" var det fyrste møte med litterært bygdepatos. Tor Johannes hadde meir tekniske interessur, så han las "Ingeniør Berg på eventyr".
Skulær, skulær og meir skulær var framtida i foreldras augur. Butikk og daude dyr var ikkje noko å satse på. Av og te gjekk det litt for langt, og me fekk høre - Ikkje heng over dessa bøkenn da.

JULETREFESTENN

Leksehøring i femtiåra. Lurar på hått
det ska' bli a denne guttongen?

Så lenge ein gjekk på folkeskulen, var juletrefestenn noko ein såg fram til. Den fyrste som varsla at jula kom var på skulen. Me laga julelenkur, korgjir og fekk lov til å tegne Jesus, englar og sauir på tavla med gilde kritttfargur. Etterpå skreiv me LA STÅ!!! - ein parole som fekk djupare meining etter som puberteten skreid fram. Etter som tida gjekk og gjekk og gjekk blei den endra te: "Det ska´kje stå på kånn".
På juletrefestenn trefte ein venner og fekk pakkur med frosne appelsinur, netar og elt færr lite sjokolade av ein diger nisse. Da måtte ein ikkje vera for ivrig, men sjå liten ut og kikke sjenert på skoa. Pakkeaggressivitet blei straffa med forvisning bak i køen. Dessverre gjekk rykte før ein den gongen au - Kakao med julesnerk var festdrekke. Festenn gjekk føre seg på Bedehuset og Soar. På Soar var det siling ved dynna. Ein måtte ha kort med stjernur som fortalte at ein hadde vore på sundagsskulen for å få kome inn. Tri stjerneur var minimum. Det prøva ein å slite seg gjønnom for å få tegang til det soarske julegodtet. Men fleire enn tri var nederlag. På Bedehuset møtte ein gjengar frå Langkåshaugen ogTatergata, som ein konne småsloss med i gangen, mens ein venta på godsakene. Der var au veninnur frå Breskelia som ein konne helle i hennenn knele saman med i Jesu namn. Under juletregangen skulle ein helst gå i innerste ring. Kvar gong den monotone gangen til et barn er født - vi er så glad blei avløyst av vi klapper i hendene og vi svinger oss å bukker å neier, kunne ein dylte te dei næraste og få litt moro ut av det.

BARE FEST

Julefeiring i heimen før an`dag sett inn

Dersom eftan var eit høgdepunkt, så var fysstedag bånn. Ikkje konne ein gå på besøk, mett og matlei va´n, gavunn var historie. Det blei firemannswhist, spardame og småkrangel for å få tida te å gå. For dei konfirmerte bynna moroa med an´dagsfest på Sundvang i Kviteseid. Bussen te Østerhølt´n frå Lonne blei fylt opp av fulle bøheringar, og nista var for dei fleste meir eller mindre gjæra høgoktan, kella sats. Rikingar og familiekleptomanar hadde kjøpesprit som Polarvodka, Koloni-rom og Blåkork. Når det gjaldt plasseringa, var det om å gjera å ikkje kommå på sete framfor dei som blei bilsjuke. Å få ein variert julemeny nedover nakken og gvitskjurta va´kje ikkje stas. Den fysste spydde ved Øvre Bø Handelsslag, mens resten fór ut for å pisse. Eimen av dårleg alkohol gjorde at avhaldne bynna å snøvle ved Sanden. Den store stoppen var hjå Anna Nohr i Brunkeberg. Ho serverte elle, alder og promille var utan betydning så lenge du hadde kontantar. Skjenkebevilling hadde ho aller hatt, så dæffer var skjenkereglar utan meining. An´dagsfesten på ungdomshuset i Kviteseid var fredleg. Ikkje at folk ikkje ville ha bank, men lokale var så sprengfullt at ein måtte ut færr å få armslag. Trengsel, kulde og ein låst buss gjorde at elle tankar om eit julenommer blei verans på planleggingsstadiet. Ute på plassen stod ein i kø i småsko og bitans kulde færr å kjøpe varme pylsur av Kalle frå Lundevallsgrendi. Dom hadde han i ein kjele på primus mellom meienn på sparken. Sjøl satt han i eit knappetelt. Betalinga slapp ein oppi kjelen, så fekk ein ei glovarm pylse i nevann. Bussen heimatt er det få som har minne om. Gauking om at "Eg e´så tysst - eg trur eg dauar" konne få Østerhølt´n te å stoppe færr inntak av Seljordsvatten. Tredjedag var det på´n igjen. Nå var Dølehalli i Morgedal målet. Deretter Seljord fjerdedag, og endeleg heimetrakter på Sandvin femtedag. Men nå gjaldt det å spare på kronasjen te nyttår. Men det er ei anna soge.

«« Tilbake til artikkelsiden