Lifjell ront

«« Tilbake til artikkelsiden

Eg drog frå Bø og tok turen Lifjell ront. Ein treng ikkje bistandig å dra på langtur. Det kan vera vel så koseleg å ture i det små og glo over gjerdet håssen naboen ter seg. Det er hovudinteressa mi etter ”Hotell Cæsar”.
Turen bynna over Heia. Den hadde eg ikkje kjørt sea Polet åpna i Bø. Hå ska’n ditt for nå? Eg bruka 26 minuttar, som er 8 minuttar over rekorden, ennå vegen nå er nyasfaltert. Etter at me banka Strupa-gjengen i Bøgata ei mainått i sekstiåra, har Heddal slutta å eksistere og blitt til eit kryss før Notodden. Eg konne for resten godt tenke meg at Bø Sparebank kosta på eit minnesmerke over Strupa-slaget. Ei sosialrealistisk statue av ein blodut heddøl i ronnkjøringa hadde gjort seg.
Heddal Lufthavn Yli er litt mindre enn gata i Bø, men har fleire fartsdumpar. Du må passe deg 8. juli for da gjeng flyet. Notodden bør ein besøke om formiddagen for da kan ein med egne augur sjå elle sosialkasusa som ”krusær” opp og ned Storgata i svært godt bruka Gvarv-mercedesar. Notodden er ein av dei få plassane i Norge der det er høgstatus å gå på ”Sosialen”. Ellers har dei det samme på Notodden som i Bø – bare at det er lett kleinar. I Hjartdal har dei reist minnesmerke over den gongen i 1540 høvedsmannen på Akershus lura bondeopprørarane trill ront og fekk dei sjølv til å avrette kvarandre. Jau, det finnast noko å minnast i elle bygdenn ront Lifjell.
I Flatdal er det både flatt og bratt. Oppe i lia ligg Telemarkstunet Uppigard Natadal, der ingen ville bu før ein frå Frogner/Oslo 2 tok over med amerikansk minigris, Shetlandsponni, esel, påfugl og andre typiske husdyr frå Seljord. Dei syner visst fram eit prospektkort av ei Telemarksku au. På Natadal har møkkagreipet fått nytt liv som bevis på Telemarkkulturen sin eineståande plass over all kultur uansett. Den etnosentriske gufsen på garden får ikkje-nasjonalromantikarar til å føle seg omtrent like velkomne som jødar i Det tredje riket. For 300 kroner kan du gå på Fossegrim-safari/folkklore-tur (2 km) og kaste kjøttbein i Kjøtåi og høre hardingfele på boks. Vil du ha det ”live”, må du ut med 700 til. Det er rett og slett fantastisk hå lett det er å lure folk for pengar. Det einaste negative må vera at te elle aktivitetar MÅ du høre verten kåsere om kultur dill/dall til 6 000 kroner – på ”riksmål, engelsk, visse delar på fransk” – det må vera menyen. Du kan au få maset på ”telemarksdialekt”(?). Ein dialekt så eksotisk at det er bare ein som kan han – verten på Natadal.

I Seljord er det gjevt. For femten år sea var bror min på Telnes-playaen med dotter si på seks-sju år. Ho var aleine, og dei bad henne difor gå bort å leike med nokre andre ongar. Da ho kom gråtande tebake, spurte dei kva det var. Dei blei med bort, og på spørsmål om kvifor ho ikkje kunne få vera med å leike, kom Seljord-svaret: ”Økkon kan ikkje leikje med dikkon, færr mi tilhøyrer sossen i Sillejord”. Sjøormmuseet er utan sjøorm, men du kan sjå på bilde av Seljordsvatnet som ligg to hundre meter frå deg om du gjeng ut. Ein svenske har leita etter ormen utan resultat i fleire år. Men ein må kjenne seljordingane te bånns for å veta kva ein skal gjera for å lokke dei opp og fram. Eg veit. Derfor tok eg to hundrelappar, kasta dei på vatnet og stilte meg klar med videoen. Ingen beit på. Konklusjonen er krystallklar – er det noko i Seljordsvatnet, er det i alle fall ikkje frå Seljord. Det er bombesikkert.
Bygda har ikkje kjøpesenter, men dei kompenserar med å ha det utandørs i leire kvar haust – kalla Dyrskunn. Dei driv au med tetak for køntrifolk, Maran Ata, Islandshestar og andre minoritetar kvart år.

I Seljord dukkar dilemmaet opp – Garviksida der velferdsflesk ”making bacon” på Telnesplayaen eller Manheimsida med ungdomshytta ”Pulbu” med innsyn til vene viker og tronge sund.
Eg tok fem minuttar og ei pølse med brød på Emils Auto, for der er det nesten som i Bø.

Ingvar Skobba

Ein frå Burtigard Glosimot på veg heim etter å ha vore på køntrifestival, Maran Ata-stemne og Dyrskunn i 2003. Bilde er frå Dyrsku-plassen med Skorve i bakgronn. Snoen kom i september det året, og etter tradisjon i Seljord betyr tidleg sno på Skorve sein jul.

«« Tilbake til artikkelsiden