Da Rocky kom til Bø

«« Tilbake til artikkelsiden

I byrjinga av femtitalet var ein ganske fattig på oppfatningar av kva farga folk var. I Bø var me alle absolutt kvitmåla med namn som Halvor og Tor, Anne og Ingebjørg. Vidkun hadde gått av moten for nokre år sidan. Ein hadde kanskje lese om negrar i ”Onkel Toms hytte” og sett nokre på bilde eller ein sjeldan gong på Bø kino- og da bare på lerretet. I tillegg hadde ein vore med på sketsjen ”Ti små negerbarn”, og i barnemisjonen til fru Solbakken ved Bø stasjon hadde ein lært at det var synd på dei fordi dei var både fattige og hedningar. Me både bad for dei og hadde basar.

BAKGRUNN I PORT OF SPAIN

Passfoto 17 år.

Men så kom Rocky frå Trinidad. Han budde på Røysum, og brått gjekk han opp og ned gata. ”Rocky e’ heime”, ropa me gatelangs. Synet av han var det mange som fekk hakeslepp av, noko som dei ikkje har gløymt. Det var i begynnelsen på femtitalet. Rocky heiter eigentleg Radcliff Stafford Bovell og er fødd den 1. januar 1929. Han er den yngste av 4 syskin – tre gutar og ei jente. Dei levde i små kår, og mora, Miriam, jobba både seint og tidleg. Rocky-namnet fekk han som gutunge fordi han var dreiv og kasta stein på alt og ingenting. Dei budde i utkanten av hovudstaden Port of Spain. Dei to øyane Trinidad og Tobago blei sjølstendige i 1962. Befolkningen er uhyre samansett med ein majoritet av svarte og mulattar. Denne karibiske øystaten har blitt kalla ”Eit FN utan dress og slips”. Rocky er mulatt. Engelsk er det offisielle språket. Han fekk som ung gut jobb som visargut på det norske konsulatet. I 1946 fekk syttenåringen hyre på den norske båten Lundy’s Lane. Han byrja som jungmann og avanserte etter kvart til matros.

TIL BØ

Rocky og Liv på den velkjende hotelltrappa.

På sjøen kom Rocky i kontakt med ein bøhering, og i 1952 reiste han til Bø for å besøke kameraten som budde i Øvre Bø. Han tok inn hjå Klara på Røysum som dreiv med pensjonat. Her blei han vener med baksølingane. Rocky seila nesten eitt år midt på femtitalet saman med Harald Torstveit på fruktbåten ”Jessi Stowe” tilhørande Lorentzen-rederiet. Frå nå og fram til 1966 kom Rocky til å bli verande i Bø og på Røysum når han ikkje var ute. Nokre månader jobba han på restaurant ”Vindmøllen” og på ”Festningen” i Kristiansand. Han hadde ulike småjobbar på gardane i Bø, mellom anna på Uvdal for Håkon Haugerud.

I 1954 blei Liv Jægersborg kjent med Rocky på Lifjell Hotell. Ho hadde sin fyrste jobb, og han var tilsett som altmoglegmann av drivarparet Håvard og Anne Katrine Østbø. Han budde i Espedalsstugo. Liv minnast ein sjarmerande og svært snill 25-åring, men han hadde óg temperament og lynne kunne svinge. Ho huskar dei hadde oppvisningar i swing for gjestene. Han hadde ofte med gåver, og dei lærte raskt at ein ikkje måtte seia nei. Ein gong sa han det slik at han hadde vore fattig heile sitt liv, og at det var så godt å gje noko til nokon som blei glade for det.

Dei sydde til gjengjeld putevar og dukar som han sendte heim til mora. På Lifjell fekk han sitt fyrste og einaste møte med ski. Betjening gav han eit par som han måtte prøve. Det blei med den eine gongen. Liv minnast at han gjekk og fraus noko forferdeleg den fyrste vinteren på Lifjell.

ROCKY TOK GATA MED STORM

Mang ei ung jente fortalte stolt i venninneflokken at ho hadde gått i gata med Rocky. Han var høg, blid og sjarmerande. Også var han ein ”racer” til å danse på laurdags-festane på Sandvin, ikkje minst tango og den nye swingen. Det hendte at dei andre para slutta å danse for å sjå Rocky boltre seg. Alle ville danse med Rocky, men dei måtte vente til han baud dei opp. Kva drøymane seinare på natta inneheldt, kan ein bare gjette seg til.

"The Crazy Tunes" med Arne Tangen t.h.

Frå sine turar ute kom han til Bø med plater frå det store utland. Noko som var svært populært, og Rocky blei ikkje mindre populær ved at kameraten fekk eigen bil. Tanken om å sitta i baksetet saman med Rocky fekk ikkje bare hjarteklaffane til å dirre på jentene. Han var og ein mester til å slå takten med dollarane, og han hadde drive med boksing heime i Trinidad. På Torstveit og Røysum kjøpte dei seg nå ordentlege boksehanskar og haddde profesjonell trenar i Rocky. Kven av baksølingane som blei Langkåsbymester er uvisst.

Rocky var ein pertentleg kar og fin i kleda, og det var litt av eit syn kvar gong Rocky slentra elegant opp gata med ei pakke skitne klede, som skulle til rens, på hovudet. På festane der ”The Crazy Tunes” med Arne Tangen spela opp blei han eit trekkplaster, og det hendte han tok ”mikken” og sang ”Beatiful Brown Eyes”. Store greiur for bøungdom som var flaska opp med ”Søstrene Bjørklund” og ”Drangedalskvartetten”.

Miriam. Foto frå 1955.

Han hadde alltid bilde av mora med seg, og kvar einaste månad sendte han delar av hyra til henne, som på det viset fekk seg eige hus.

VERANDE I MIDT-TELEMARK

Rocky mønstra av for siste gongen den 3. juni 1966 med rundt femten års fartstid bak seg. Han skulle i bryllup til Halvor og Aud Solfrid på Røysum som gifta seg den 11. juni. Han slo seg etter kvart ned på Ulefoss. Her jobba han på jernverket i mange år. Han har på sine eldre dagar besøkt den eldste broren, som kjørte taxi i London, og ved hjelp av Cappelen på Ulefoss besøkt mora i Port of Spain like før ho døde.

I dag sit Rocky på Ringsevja Bo- og Servicesenter. Han var lenge ein fast tilskuar på heimekampane til fotballaget på Ulefoss. Nå må han bruke gåstol til døra og rullestol derifrå. Fjernsynet fyller tida, og han syns han har det bra. Han minnast med vemod mora. Ettersom me får fram minna frå Bø på femtitalet, kjem smilet og gløden tilbake. Eg spør om korleis han trur det ville ha gått om han ikkje hadde møtt ein bøhering. Han svarar med eit smil at Trinidad i 1946 var ingen verande plass.

«« Tilbake til artikkelsiden