Handlekorg
Handlekorga er tom

Bø té tusen - Gata i hondre

av Ingvar Skobba & fotograf Ivar Mæland


Til venstre: Bø-gata sommaren 1999. Til høgre: Bø-gata 10. juli 1948.

- ei lokalhistorisk bok om Bø og Bø-gata i tekst og bilder.

Fyrste delen tek for seg korleis bøheringane har sett spor etter seg opp gjennom historia heilt sidan den fyrste skreiv med runer i Bø gamle kyrkje at han var sjuk og ikkje fekk sova. Tekstane tek for seg bygdefolket i arbeid og i fest og i strid med ulike autoritetar.

Den andre delen er ein dokumentasjon med bilde og med kommentarar til utviklinga av gata i Bø. Den som i dag både er eit viktig region- og handelssenter og eit paradis for bygderånarar av ulik slag. Fotografia viser korleis husa og gata har endra seg sidan Bø Meieri, Frøyatun og Kaksebua la grunnlaget for Bøgata rundt 1900.

Denne boka egnar seg for alle bøheringar, anten dei er innfødde bøheringar, utflytta bøheringar eller nyleg innflytta. Den kan au anbefalast til personar med interesse for lokalhistorie som har lyst til å få eit innblikk i korleis Bø-bygda har utvikla seg opp gjennom tidene.

Tittel: Bø té tusen - Gata i hondre
År: 2001
Butikkpris: kr 250,-
Webpris: kr 200,-
Utsolgt