Handlekorg
Handlekorga er tom

Hjuksebø 1950

av Ingvar Skobba og Halvor Kleppen


Dei fire største togulykkene i Norge:

  • 1921 ved Nidareid stasjon sør for Trondheim - 6 døde
  • 1950 ved Hjuksebø/Holtsås stasjon - 14 døde
  • 1975 ved Tretten stasjon - 27 døde
  • 2000 ved Åsta stasjon - 19 døde
  • Klokka 10:50:27 den 15. november 1950 kolliderte Ekspresstoget frå Kristiansand med tre vogner med 43 passasjerar med fire lastevogner like ovanfor garden Kleivrud ved Holtsås. Den fremst vogna var lasta med tomme jernfat, den neste med impregnerte stolpar på til saman 31 tonn, den tredje med papir på 28 tonn og den siste lastevogna var tom. 16. november fortalte Anna Kleivrud til Varden:

    - Det var stille, dødsens stille de første minuttene etter at dette var hendt. Men så kom skrikene. ... Alt var bare forvridd jern og stålmasser som vi ikke klarte å trenge gjennom for å befri dem som lå der inneklemt. Skrikene var så grusomme at vi måtte flykte i hus. Vi orket ikke høre på dem.

    Den set ulykka inn i ein lokalhistorisk samanheng med å skildre bygginga av Sørlandsbanen, og korleis den nye "Sørlandsekspressen" eller "Lyntoget" varsla ei ny tid for norsk jernbane da den blei sett i drift i 1949. Dei fyrste åra etter den andre verdskrigen var prega av optimisme og framtidstru for jernbanen i Norge. Det står i sterk motsetnad til situasjonen i dag. NSB mistar tillit og passasjerar i takt med nedlegging av linjer, innstilling av ruter og ei rekke ulykker og skandalar, som i stor grad pregar det bilete me får av jernbanen og NSB ved tusenårsskifte.

    Boka tek opp kva som hende i ettertid da skuld og ansvar skulle fordelast og erstatningar fastsettast. I eit avslutande kapittel drøfter forfattarane tilhøvet mellom ulykker og ansvar sett i eit historisk lys, og det inneheld ei rekkje element som kunne kome vel med i debatten etter Åsta-ulykka.

    Tittel: Hjuksebø 1950
    År: 2000
    Butikkpris: kr 248,-
    Webpris: kr 198,-
    Kjøp