Krigen i Bø 1940 - 1945
- Heimefront, Nasjonal Samling og svartebørs
Hans Strandberg (til venstre) og Halvor Haugen fører ein arrestert NS-leiar
til "fengselet" i den gamle kinoen.
Krigen i Bø 1940 - 1945
Det var omlag 110 vaksne medlemmar av Nasjonal Samling i Bø. Her kan du lese om korleis NS utvikla seg under krigen, og korleis NS-folk prøvde å sette sitt preg på bygda. Boka fortel òg om kva som som skjedde da det kom folk til bygda som ville likvidere den nyinnflytta lensmannen.
Da Bø ligg som eit knutepunkt mellom jernbane og buss, blei bygda kjent som ei svartebørsbygd i vide kretsar. Forfattaren har teke for seg både lensmanns- og politiprotokollar for å kaste lys over dette fenomenet. I tillegg har han sett på korleis gjeldsprosenten gjekk drastisk ned for Bø-bøndane under krigen. "Hadde bare krigen vara ett år te, så hadde me vore gjeldfrie", skal ha blitt sagt av ei bondekone i fredsdagane.
Transformatoren ved Torstveit etter sabotasjen i månadsskifte mars/april
1945.
Heimefronten i Bø, gruppe 49, blei bygd opp av Børte-brørne Johannes og Eivind. Dei fyrste initiativa blei tatt i 1943. Gruppa fekk våpen frå "slepp" både på Lifjell, Askildtfjellet og Breisås. På Breisås hadde gruppa ansvaret for ein Eureka-sendar til hjelp for flya som kom med "slepp". I månadsskiftet mars/april 1945 utførte gruppa sprengingsaksjonar mot jernbanetransformatorar ved jernbanestasjonen. Eitt forsøk på sprenge jernbanebrua mellom Tjønnås og Svenseid var mislykka, og Alf Sørumshaugen blei arrestert. I fredsdagane stod gruppa for arrestasjonane av NS-folk.
Frå venstre: Sveinung Øya, Birger Kinck, Halvor T. Kåsa, Olav G. Haugen,
Sveinung Kåsa, John Myhre og Olav Stranda.
![]() |
|