Torleiv Stadskleiv
Torleiv Jørgensen Stadskleiv (1865-1946) er ein av dei mest populære kunstnarane i Telemark. Boka fortel om barndom
og oppvekst i Bø, og korleis han kom seg fram som kunstnar i Kristiania ved hjelp av kunstnarane Erik Werenskiold
og Edvard Munch. Etter eit opphald i København drog han på studiereiser til Roma og Paris.
I 1890-åra skapa han eit miljø av unge kunstnarar i Bø. Mellom dei var Halvdan Egedius, og venskapen mellom dei to
var eit viktig steg for utviklinga av dei både som kunstnarar.
Etter at den unge venen døydde i 1899, søkte Stadskleiv seg mot Lifjell og hytta si Skrubbehiet.
Høgfjellet med sine vatn, vidder og nutar blei kjenneteiknet for mykje av hans arbeid. Måleria hans var
representerte på haustutstillingane frå 1887 til 1937. Stadskleiv har i ettertid blitt mest kjent for sin
teiknekunst ofte portrett av familie og vener. I dag oppnår verka til Stadskleiv gode prisar på auksjonar
i Telemark.
![]() |
|